Aviarium Mobile 14.09.2011
Aviarium Mobile er ein av 4 gamle ufullendte serier, den eldste ca 10 år gamal, som eg no legger ut på nettserier. Denne var til ein aviskonkurranse, og består av 16 striper (av ein historie på 48). Dette er ikkje ei humorstripe, men ein fortsettelsesserie. Dette er serier som eg godt skjøner ikkje gjekk vidare, men det kan vere greit å "rydde loftet".
4 kommentarar
Knut R Knutsen skreiv:
Det er jo alltid eit kompliment å verte samanlikna med Bård, men han meistrer denne stilen mykje betre enn meg. Der er ein kjerne av historien (sjølve prinsessa) som eg framleis likar, men fuglane funka ikkje. Det skjønte eg ikkje før etterpå. Smurfar hadde vore betre :-) .
14.09.2011, 07:19:42
Gambit skreiv:
Betyr aviarium mobile noe spesielt? Mobilt fengsel? :P
Slottet i bakgrunnen ble tøft.
16.09.2011, 23:23:59
Knut R Knutsen skreiv:
Aviarium Mobile betyr "flygande fuglebur". Eg veit, det er litt teit med 4 fuglar som flyg rundt i eit slags helikopter, men det var ein ide eg ville prøve ut.
16.09.2011, 23:57:18
